TONES DAGBOK
 
12 JUNI 2008

 

God morgen,
Tidlig oppe i dag, i otta faktisk, og eg lika det. Nettopp ete müsli-frukt med friske, deilige jordbær på. Starta alltid dagen med dét og God Morgen Norge, eit av mine favorittprogram. Alltid god stemning, glade folk! :) Nydusju, rein og flott, eg e klar for kaffi med kjæresten min.

Akkurat no spela ”Real Ones” på God Morgen Norge, artig å tenke på at dei var å spelte på ungdomsskulen min når eg gjekk der. Hugsa eg likte dei godt, og ja-a, lika dei framleis. Han eine e kjæresten til Guri Solberg, og Guri, det e litt av ei dame, nydelig dame!

Har vore kraftig allergisk den siste tiden, alle symptoma som finns vil eg tru. Tett, kløande og rennande nase, nysing til den store gullmedalje. Såre, kløande og rennande auge og kløande ubehag i hals og svelg. Rett og slett mykje ubehag til tross for det nydelige vêret som har vore den siste tida. Men eg har trossa alt ubehag og hengt med sola, vi har kost oss eg og ho. Ho har gjort meg ein smule finare.

Utenom blomsterstøv og gras, så har eg det tipptopp. Har musikk på hjernen, og det e ein god ting. Skal i studio etter eg har vorekaffidate med kjæresten min. Ting e bra, og til helga e det Norwegian Wood. Det blir knall. Kameraet mitt e forresten øydelagt, derfor e det litt stille der akkurat no, men det skal fiksast snarast.

Ha det fint lenge!! :)
Tone

 

20 MARS 2008

Livet ekje snautt. Faktisk tvert imot. Det e påske, egentle lika eg best at påsken e rundt 12 april, for da ha eg påskebursdag, men i år blei det no ikkje slik. Men eg syns det e heilt ok. Eg overleve den slags.

Helst skulle eg vore på fjellet no, stått på "bortoverski" og "snøfjøl", men eg og Simen kom oss aldri så langt. Hit til i påsken har eg berre trent, kvar dag. Men i morgo reise eg heim t vakre mor, staute far, søster, bror osv. Det blir fint.

Eva og eg skal på skitur lørdag, det kan bli veldig spennande, har ikkje gått på ski sida skidagen i 8.klasse, eller muligens 7. Uansett, lenge sida sist, fist.
Og sist, men ikkje minst, så skal eg besøke besta og besten, det e alltid så koselig!

Akkurat no sitte eg med litt inntørka sveitte, har trent, sveitta, men no e eg tørr. Men egentlig så føle eg meg ikkje ekkel. Sitte her aleine, nettopp laga meg Mia fullkornspai med skinke og litt salat til (tips fra Eva. Vi snakka forresten om Idol-Eva). Har òg satt på ein kvitvask, eg e jo blitt husmor. Det e artig å vere husmor. Baka og greier og greier.

Men no e’re nok. Skal ete opp og hoppe opp og ned i dusjen. Det e skøy. Skipp'o hoj.

Som folk ser, så ekje det så masse som skjer på kalendaren min for tiden, det e fordi eg jobba med ny plate, og det kreve sin tid for å sei det på det viset! Det føles veldig godt.

Snakkes i bakken, snart folks.


14 JANUAR 2008
 

Mykje har skjedd sida sist, det har vore jul, ei god jul heime i Sogndal, nytt år, og det skal bli eit steik godt år. Som det forrige. Noken har sikkert lest at eg har blitt såkalt "vraka" av EMI. Dette stemme da ikkje. Min platekontrakt leve i beste velgåande, med David Eriksen, som før. Frustrerande, veldig kjipt. Eg har aldri blitt dumpa av EMI, period.

 

Vel, over til litt hyggelig prat :) Leiligheten min begynna å ta form, og det blir såå fint. Har mala vegger, tak, og golv, vore ganske så flink, tenk. Alt e kvitt, krittkvitt. Til og med golvet. Me like. Pianoet  og gitaren e òg på plass, så no skal det mekkast musikk. It’s gonna be good. Gleda meg til tida framover, det e viktig å glede seg.

 

Eg e enda ikkje lei Sex & The City, såg ferdig siste episode i går, for tredje gang, så no begynna eg på starten att i kveld. Gleda meg vilt til filmen kjem på kino. Det blir fantastisk. Simen gleda seg òg! ;)
 

Just no sitte eg i sofaen med morgenkåpa på, nettopp dusja etter ei god treningsøkt. SK08 nærma seg, og da må det sveitte til. Håpa sommaren blir full av jobba, mykje sol og gøttfølk. Huttemegtu, la det snart vere sommar.

 

Men før sommaren, rettare sagt april, e det bursdagstid. Eg blir 20 år!! Og du skal tru eg gleda meg til dét! Har allerede begynt å planlegge, satt opp ønskeliste og pynta tre. Ja-a, fæst ska're bli ;) Huttemegtu. Men no skal eg finne meg litt pistasjnøtter


7 DESEMBER 2007
 

God kveld i stuggu,

 

Det e fredag, nærma seg Idol tid på TV2.. Ei kose stund eg sette pris på.

Det e travle tider, i tillegg til mykje øving i forbindelse med Penthouse Playboys og eigen liten turnè, e eg malar på si. Eg ha fått meg ny leilighet, og det føles latterle godt. Den blifiiin.

 

Det e mykje odde diskusjona på bloggen min for tida, det går nesten litt over stokk og stein. Men bevares, om det føles godt å frigjere kjensle og liknande, så godteke eg det.

Såg noken kommenterte at eg hadde kvise og rynke. LOL (-måtte berre bruke ordet etter eg såg Californication onsdag..) Uansett, klart eg ha! :) E inni ein steik irriterande kvise-periode, men som kjent, puberteten skal ikkje vere enkel.

 

Det har òg komme opp kommentara om MOT, at eg sit med eit glas vin. Eg vil gjerne repetere grunnverdiane:

- Mot til å leve

- Mot til å bry seg

- Mot til å si nei

Eg elska å kunne vere ambassadør for MOT, eg står for og trur på det desse grunnverdiane. Så, å drikke eit glas med vin, e ikkje spesielt galt.

 

Syns det e veldig mørkt ute for tida, litt sånn at ein e trøtt heile dagen. Kan kanskje ha noke med at eg legge meg litt for seint òg, men uansett. E glad i lys, lyse daga e flotte. Men sjøl om dagane e mørke, så e det gode tider. I morgo e det konsert i Sandvika, søndag e det konsert på Herr Nilsen i Oslo. Det skjer noke kvar dag fram mot jul, og det e finfint! :)
 

Trur eg skal ta meg ein halvtime med snorkink på sofaen. Det e godt det.
 

Men ha det godt så lenge, fintfølk.

 

Tone

 

22 OKTOBER 2007

Hurabura,

Livet e godt med boblis og tjukke kle. Eg lika høsten, og eg føle meg klar som eit egg for kulde og snø. Har nettopp vore ute, gått ein kort, liten kveldstur. E litt redd når eg går ute aleine, skvetten som ein sjøhest. Men uansett, det var deilig, rennesnørr mens eg høyrte på Ryan Adams, ikkje mykje feil.

Har vore i Årdal i dag. Besøkt grava til mormor, veldig fint. Mormor var ei nydelig dame. Morfar hadde diska opp med pinnekjøtt i dag, my favorite. Var rett og slett fantastisk godt.

Har nettopp barbert leggane, var ein del å hente etter ferien, i og med at eg hadde glømt adapter, og at eg da ikkje fekk brukt epilatoren min. Så no e eg hårlaus og glatt, trivs best sånn.
Tale ligge på sofaen ved sida av meg no, tafatt, kjeda seg, og det e ho drit dårlig til. Ho kunne godt tatt ibruk epilatoren, for på hennas legga e det nok hår og hente. Meir som ein liten sjimpanse. Ein søt ein. Haha.

Eg stamma. Av og til meir enn andre ganga. Irriterande, kanskje eg e nervøs. Nei-i.

I morgo skal eg til tannlegen. Har ei knekt tann og sikkert eit par-tre hol, har dårlige tenne. E ganske flink å pusse, men akk og nei. Karius og baktus lika seg hos meg.

Var å trente step/styrke med Eva og Tale i går, og tru meg; eg e så sjukt stiv i rumpa, lår, legg, rygg, pupp, skulder, rygg. Tja, nesten alt. Så no trur eg kroppen trenge kvile, skal springe til sengs. Må køyra Tale på skulen i morgotidle.

Hurabura e’ru frao Aordal du’ra.

Hoj.


16 SEPTEMBER 2007

 

Godkveld i stova,

Ja, jammen e det blitt mørkt ute, kaldt og høstete. Men det e noke kos med det, sitte i sofaen med dyne, levande lys og ein knallsøt kjæreste. I tillegg til alt dette, har eg nettopp fått augene opp for ein fantastisk artist, ei dame med namn Torun Eriksen. Kenneth, min lydmann introduserte meg for musikken hennas i går, i bilen på veg heim fra Loen. Kenneth e hennas lydmann òg. Flinke mann. Har festa meg ved ein sang, "Joy", den e så fin atte hjælp. Bør sjekkast ut.

 

I know, andre bloggen på kort tid. Ekje likt meg, men har plutselig tid, overskudd og mykje å skrive om. M-mm. Om nøyaktig ei veke reise eg på ferie. Blir vekke ganske så lenge. Det blir ein etterlengta ferie, og eg trur eg trenge det. Har vore ein laang sommar med masse, masse koneserta, vel og merke ein fantastisk sommar.


Men no gleda meg til å ligge på stranda, få inspirasjon og skive teksta. Skal ha med meg gitaren min, prøve å bli litt flinkare. Men det eg kanskje gleda meg mest til; eg skal surfe! I allefall prøve. Skal bli knallgod ein gang. Surfe- Tone. Trur det kan bli bra. Simen e allerede veldig god.

 

Over til noke heilt anna. Noken som har forslag til kule butikknamn? Mamma og Tale vurdera å skifte namn på butikken vår i Sogndal, så peis på med forslag.

 

Søndag e så deilig. Avslappande. Har sove lenge i dag, ete havregryn til frukost/lunsj, spelt yatzy, trent, tatt ein lang dusj, sett Robinson, ete Pizza og no sitte eg å skrive blogg. Ekje mykje stressande med Søndaga.
 

Blablabla. Tørrpart Tone. Men det  e sant.

 

No skal eg på do. Ekje mykje stress det heller ;)
 

Farvell.


13 SEPTEMBER 2007
 

Hello folks,

 

Først vil eg starte med å beklage at kalendaren min ikkje e meir oppdatert, veldig dumt, men skal prøve å forbedre det. Eg har meir konserta enn som så.

Just no sitte eg på sofaen, har akkurat klint litt kvisekrem i fjeset (poppa ut for tiden), ser på Oprah og kosa meg. Nettopp vore på IKEA med Malin og Ina, mine to gooode venninner som har flytta til Oslo. Det e himmelsk å ha dei her i Tigerstaden, dei e så flotte.

 

Skal til Gol i morgo, konsert der, så videre til Loen. Kjekt på tur! :)
 

Ellers, ja ellers e alt bra. Sola skinne og livet e fortsatt gøtt. Ser folk diskutera veldig på bloggen min fortsatt, noke eg syns e tipptopp. Vil berre sei at slanka meg, det gjer eg ei. Simen, min kjære, har introdusert meg for gode saker; vi trena 3-5 ganger i veka, ete forholdsvis sundt og kosa oss. Men vi unna oss mykje godt òg, ein god balanse. Så veit de det :) Gøttfølk.

 

No kom Einar Gelius på skjermen her, "Take My Breath Away", ikkje verst. Heia VIF. Forresten, alle må kjøpe fotballbladet 4-4-2 neste mnd. Intervju med Tone i fotballdrakt. Steik bra :)

 

Som eg trur eg har sagt før, har eg fått meg gitar. E ikkje blitt sånn dritgod, men eg kjemme meg. Har lært meg litt av "Somewhere Over The Rainbow" no, men eg merka eg ha ein lang veg og gå, men det skal bli bra.

 

Håpa kvisa mi mellom augnebryna forsvinne snart, e ikkje mest sexy med ein knallrød flekk i panna, takk Gud for dekkstift. Lese at noken syns eg bruka litt mykje sminke, og grunnen til det, e at når eg skal ha konserta osv, sminka eg meg litt ekstra, av den grunn at det e så sterkt lys på scena, og dermed "forsvinne" sminken litt. Til vanlig bruka eg svært lite. Just as you know. Blablabla...

 

Vel, vel gutar og jenter. Gamlemor skal lage seg litt mat. Og nei, ikkje knekkebrød. Tenkte muligens å mekke sammen ein Kyllingwok.


Så, skipp’o hoj.



1 AUGUST 2007

 

To små baguetta med egg, tomat og majones ligg no å fylle magen min, det var godt, men eg blei litt for mett. Men likevel, av ein eller anna merkverdig grunn, e eg fortsatt fysen på eit eller anna. Trur eg vil ha is, men vi har ingen god is i frysen. Kanskje eg skal traske ned på kiosken?! Båtis hadde vore godt no, eller. Usikker. Eg e som vingle Petter i Fjordland reklamen, han som ikkje klara å bestemme seg. Dette e eit alvorlig problem for meg. Velge is skal vel i utgangspunktet ikkje vere lett.

 

Men akk, trur ikkje eg gidd. Trur faktisk eg skal hoppe i dusjen. Opp og ned, synge opera og danse salsa. Det kan bli skøy. Trenge ein god dusj no, har spelt fotball på Norway Cup før i dag, og etter det hatt minikonsert på samme plass. Det var kjekt, men eg e rusten, fotballskillsa e der liksom ikkje lenger, men det viktigaste e at ein kosa seg, og det e noke eg virkelig kan! : )

 

Fortsatt fysen, einaste vi har i kjølen e sukkererte, og tru meg, eg lika det godt, men etter å ha knaska ein halv pakke for kort tid sida, e eg lysten på noke anna. Kall meg gjerne rar.

 

Trur faktisk eg skal ta fram gitaren min, øve litt, for ein vakker dag skal eg bli god, kanskje ikkje verdens beste, men litt god. E aleine heime just no. Simen e på jobb, flink gut, mens eg sitte her heime å slaura. Kjeda meg litt, og å kjede seg e så sjukt kjedelig. Tørrprat Tone, slutt.

 

På lørdag reise eg til Italien, det blir digg. Litt sol og varme ekje mykje feil no.

Vel, vel følk.

Kanskje eg skal ringe Martin, bollefrø, muffemor. Får sjå.

Vi snakkas.

: )

13 JULI 2007

Hello folks! :) 

It's been a long time, I know, igjen, eg e treig. Men sånn e're, mykje som skjer om dagen, mykje reising hit og dit, fram og tilbake. Huttemegtu. Men livet e gøtt, ekje anna å gjer enn å klage. 

Akkurat no sitte eg rundt kjøkkenbordet i sogndal, ete fiskekake med brun saus og makaroni, Tale sin favoritt, men huttemegtu, det e godt! Ellers ha mami og papi fått seg nye hagemøbla, veldig fine, veldig nøgde. Mm, kjenne eg e rimelig stappa no, men så sannelig, trur eg skal spasere bort til kjølen å ta meg ein jazz eple likevel (for dei som ikkje har smakt det, som den gartnardattera eg e, prøv!! For dei e skiit gode..) 

Ellers har eg observert at noken lurakordan hårprodukt eg bruka, sminke etc. Vel, eg skal ramse opp litt (har mykje..)
Hår; Kerastase hår kur, orange og leav-in kur, grøn. Ellers masse forskjellig shampoa, Redken, Sexy Hair, Sebastian etc.
Sminke; Glo Minerals og Make Up Store. Ellers; Veldig glad i produkta til Bellefontaine, masse deilige kremma. Ellers bruka eg Ole Henriksen ansikt skrubb og vask. Nydelig!

Sånn, det var jo litt.

Har nettopp vore på Quarten forresten, noke som var veldig arti. Såg blant anna Mew, som eg likte veldig godt. Spelte der òg sjøl, på Quart lunsj på Kick, eg og Venke. Det var heilt fantastisk koselig, masse folk og god, god stemning. E òg på turne med VG-lista Topp20, har vore i Tromsø, Trondheim og skal til Kristiansand og Bergen snart. Det e driiit morsomt. Huttemegtu! Gøtt følk

Sitte å ser ut no, etter å ha gafla i meg masse fiskekake. Sogn og Fjordane e nydelig, Sogndal e nydelig! Elska å vere heime. No kom mamma inn døra her òg gitt, huttemegtu for ei fin mor. Skulle ikkje tru ho snart var 49+.

I morgo skal eg til Florø i synge, så no skal traske rolig og pent inn på baderommet, ta av meg shortsen og barbera dei blåmerkefulle leggane mine. Det må til når det e sommar, eller, kor e sommaren? Hm. Huttemegtu. Gi meg sooool!!

Time to go.
I love you, folks!! :)
Koz og klez.

Tone melone.